Lokalhistorisk senter i Aurland

Lokalhistorisk senter — Galleri Vinjum — Sivlesamling

Jula varer heilt til sommar’n! 24/06/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 14:46
Tags: ,
Frå framsida til BT sitt julenummer 1962

Frå framsida til BT sitt julenummer 1962

Idag har eg endeleg fått scanna litt forskjellige ting som har liggi å venta på meg.  ”Nye” (les: gamle) avisartiklar og bilete er no på plass i basen. Eit eksempel på det eg har scanna er ein flott artikkel frå Bergens Tidende sitt julenummer 1962.

Det var ildsjelen Kristin Sønnerheim som hadde teke vare på den 47 år gamle artikkelen, om “budeiene frå vestlandsfjell” som er på bytur i førjulsstrida. Den blei prenta i Bergens Tidende sitt julenummer 1962. Eg har scanna og sydd saman artikkelen om Maria Sønnerheim frå Vassbygdi og venninna hennar i ei .pdf-fil. Om du trykker på avisa under kjem du til dokumentet som gjer at du kan lese heile artikkelen.

Artikkelen Maria Sønnerheim og vennina på bytur i 1962

Artikkelen om Maria Sønnerheim og vennina på førjuls-bytur i 1962. Trykk på biletet for å kome til heile artikkelen.

 

To heilt spesielle bilete du må sjå! 18/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 15:21
Tags: , , ,

I dag har eg heldt fram med dokumenteringa av rivinga av Breisnes-huset. Men!gulelappar Mesteparten av dagen har likevel gått med til å feste informasjon til to bilete som du no finn på flickr-sida vår. Utgangspunktet for arbeidet er to svære flyfoto som heng her på Lokalhistorisk. På desse fotografia er det klistra gule nummerlappar, og til kvart nummer høyrer det informasjon til. Det omfattande arbeidet vart gjort av Ingvar Vikesland og Anders Ohnstad.

OG HØYR! HØYR!

No kan du hauste fruktane av dette arbeidet via internett. Trykk på bileta under for å koma til dei to heilt spesielle bileta!

aurlandsvangen-1956-med-notataraurland-fra-nonshaug-i-1970-ari

Som du vil kunne sjå er det framleis ein del bygg og plassar som manglar informasjon. For dei som har ein eigen Flickr-profil (heilt gratis), er det mogleg å leggja til notatar på bileta eller skrive kommentarar til bileta sjølv. Andre som har informasjon til bileta oppmodast om å sende e-post til lokalhistorie@aurland.kommune.no eller å stikke innom i opningstidene våre.  Jo meir rett informasjon me får på plass, jo betre! Hugs at informasjon kan vera så mangt. Anekdoter eller opplevingar knytt til hus eller plassar på bileta er også veldig spanande. Lokalhistorisk vil vera veldig takksam for innspel og informasjon til bileta. Men no må du kose deg med å sjå på bilete!

Link til bilete frå 1956

Link til bilete frå 1970-åra

 

Viktig biletsamarbeid på gang 17/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 15:38
Tags: , , , ,

img_0366Kjellaug Knutsen frå Aurland Sogelag har vore hjå Lokalhistorisk i dag.  Saman har me arbeidd i biletarkivet på Heradshuset. I lag med Kjellaug og Sogelaget ynskjer me etter kvart å kopla til oss fleire som har særkunnskap om lokalhistoria i ulike område i kommunen. Med bileta og gjenstandane i arkivet som utgangspunkt vil me samla inn så rett og god informasjon som mogleg.

Kjellaug lufta idéen om eit slikt  samarbeid på årsmøtet til Sogelaget den 05. mars, og i dag hadde me altså første møte som resultat av dette. Lokalhistorisk gler seg over det flotte initiativet og ser fram til neste “biletverkstad” med Kjellaug!

 

Kjøp bygdebøker i nettbutikk! 16/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 15:42
Tags: , ,

aurlandsogelaglogo1Takk vera Aurland Sogelag og deira flotte sogearbeid er no bygdebøkene frå Aurland å få kjøpt via internett. Det veit Lokalhistorisk senter å dra nytte av, og om du klikkar deg inn på Bygdebøker-sida vår kan du sjå alle bøkene og klikka deg vidare til nettbutikken hjå sogelaget.bygdebokkollasj

 

Audieu Breisnes-huset! 12/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 23:50
Tags:

Onsdag 11. mars starta rivinga av Breisnes-huset på Aurlandsvangen. Med huset forsvinn òg det einaste smauet på vangen. Breisnes-huset er eitt av dei eldre bygga på Aurlandsvangen.  Her er bilete tekne 12. mars:

Riving av Breisneshuset 12.03.2009

Riving av Breisneshuset 12.03.2009

Riving av Breisnes-huset 12.03.2009

Riving av Breisnes-huset 12.03.2009

 

Flott lokalhistorisk treff om De Heibergske! 11/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 15:29
Tags: , ,

trivsel

Fleire seniorar kom på Lokalhistorisk treff om Dei Heibergske samlinger. Som alltid tok me oss tid til kaffi og ein triveleg prat før foredraget. Petter sine heimebaka boller fell òg i smak.

Musemslektor Anna Avdem heldt eit lærerikt foredrag om museet si historie, frå det vart etablert i 1909 og fram til i dag.

Med seg frå samlingane hadde ho også med seg ei bukse som Gjert Falch Heiberg i si tid kjøpte av ein kar i Vassbygdi. Historia om korleis dette kjøpet gjekk føre seg var utruleg artig – Heiberg kjøpte buksa der dei sto, og seljaren måtte gå mellom 2-3 km i berre skjorta før han var heime! Men så fekk han god betaling òg – 5 blanke kroner!

broki

anna1Lokalhistorisk treff har me ca. annakvar onsdag på det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen.

Tidspunktet er 12:00 – 14:00 dersom ikkje anna er annonsert. Arrangementa er ope for alle.

Kaffi og servering tek me på alvor. Det skal vera kjekt å vera på Lokalhistorisk treff – for både magen og deg.

Følg med her på bloggen, Aurland kommune sine heimesider og på oppslagstavlene i kommunen for å få med deg informasjon om neste Lokalhistoriske treff. Velkomen!

 

Foredrag: De Heibergske samlinger 100 år 10/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 13:43
Tags: , ,

dhs2

I morgon kjem museumslektor Anna Avdem på besøk til Lokalhistorisk senter. De Heibergske samlinger er 100 år i år, og Anna kjem for å fortelja litt om historikken til museet, sjølvsagt med hovudvekt på gjenstandar og forteljingar frå Aurland kommune.

Arrangementet er del av tiltaket “Seniorkalendaren”, som gjev tilbod til dei eldre i kommunen. Seniorkalendaren er eit samarbeid mellom Aurland kommune og Eldrerådet, og har fått stønad frå Den kulturelle Spaserstokken.

 

Lokalhistorisk senter med eigen blogg 10/03/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 09:11
Tags:

No starta Lokalhistorisk senter i Aurland sin eigen blogg, slik at me kan oppdatera folk på kva som skjer her på huset.

Med ein blogg håpar me å koma nærmare brukarane med informasjon om arbeidet vårt.

heradshuset_redusert1

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.