I dag har eg heldt fram med dokumenteringa av rivinga av Breisnes-huset. Men!
Mesteparten av dagen har likevel gått med til å feste informasjon til to bilete som du no finn på flickr-sida vår. Utgangspunktet for arbeidet er to svære flyfoto som heng her på Lokalhistorisk. På desse fotografia er det klistra gule nummerlappar, og til kvart nummer høyrer det informasjon til. Det omfattande arbeidet vart gjort av Ingvar Vikesland og Anders Ohnstad.
OG HØYR! HØYR!
No kan du hauste fruktane av dette arbeidet via internett. Trykk på bileta under for å koma til dei to heilt spesielle bileta!
Som du vil kunne sjå er det framleis ein del bygg og plassar som manglar informasjon. For dei som har ein eigen Flickr-profil (heilt gratis), er det mogleg å leggja til notatar på bileta eller skrive kommentarar til bileta sjølv. Andre som har informasjon til bileta oppmodast om å sende e-post til lokalhistorie@aurland.kommune.no eller å stikke innom i opningstidene våre. Jo meir rett informasjon me får på plass, jo betre! Hugs at informasjon kan vera så mangt. Anekdoter eller opplevingar knytt til hus eller plassar på bileta er også veldig spanande. Lokalhistorisk vil vera veldig takksam for innspel og informasjon til bileta. Men no må du kose deg med å sjå på bilete!



