LOKALHISTORISK SENTER I AURLAND
MAN – FRE 09.00 – 15.30
Tlf: +47 57 63 29 75
e-post: lokalhistorie@aurlandkommune.no
Lokalhistorisk presentasjon
Me skal vera ein hjørnestein for det lokalhistoriske arbeidet i Aurland, både for bygdefolk lokale lag, samt for institusjonar som fylkesarkiv og Lokalhistorisk institutt. Heilt sidan oppstarten av Lokalhistorisk senter i 1993 har det vore gjort eit formidabelt innsamlingsarbeid av mellom anna fotografi. Det er skrive mange bøker med lokalhistorisk innhald i Aurland kommune.
Ein fullstendig oversikt over bøkene finn du på Aurland Sogelag sine heimesider.
Lokalhistorisk senter er drive av Aurland kommune. Tilbodet vart starta opp i 1993, og fram til 2008 var Ingvar Vikesland leiar for senteret. I dag er det kulturkonsulent Petter von Krogh som er ansvarleg for drifta av senteret.


