Erlend Vinjum, bror til avdøde Johannes Vinjum, har kome med ei utruleg flott bok om bror sin. Boka heiter “Bror og Biletkunstnar” og gjev eit meget godt innblikk i Johannes Vinjum sitt kunstneriske arbeid og forholdet mellom dei to brørne. Denne boka gjev deg ein unik sjanse til å bli godt kjent med Johannes Vinjum, ein kunstnar som det tidlegare ikkje har vore så mykje tekstleg informasjon å finna om. Erlend seier sjølv at boka disposisjonsmessig sett kan delast inn i tre delar: ‘ I den første delen tek eg føre meg oppveksten, bygdemiljøet, utdanninga – ja stort sett heile livsløpet til Johannes. I den andre delen skriv eg om biletkunstnaren, og i den siste delen trekkjer eg fram kva journalistar, kunstkritikarar og andre har skrive og spurt han ut om .
Resultatet er ei fengande bok som fortel korleis Aurland var på 30- og 40 talet, og som gjev eit omfattande portrett av ein av kommunen sine aller største kunstnarar.
Boka kan kjøpast hjå Lokalhistorisk senter.


Kom inn på denne sida fordi jeg søkte på Erlend Vinjum etter å ha lest dagens Dag og Tid.
Der har Lars Roar Langslet en fin anmeldelse av boka til E.V. om broren Johannes Vinjum med gjengivelse av noen nydelige bilder som maleren har lagd.
I utgangspuntet er jeg blitt gjort oppmerksom på kunstnesren J.V. gjennom positiv omtale fra malerkollegaen Gunnar Dietrichson.
I tillegg oppdager jeg sist år at en bekjent i nabolaget hadde 2 ekte oljemalerier av Johannes Vinjum!! Ønsker å kjøpe boka!
Utruleg kjekt med fornya interessa om Johannes Vinjum i kjølvannet av den flotte boka til Erlend! Dersom du ønsker å kjøpe denne boka kan du bestille pr. epost: lokalhistorie@aurland.kommune.no.
mvh. Lokalhistorisk senter