Erlend Vinjum, bror til avdøde Johannes Vinjum, har kome med ei utruleg flott bok om bror sin. Boka heiter “Bror og Biletkunstnar” og gjev eit meget godt innblikk i Johannes Vinjum sitt kunstneriske arbeid og forholdet mellom dei to brørne. Denne boka gjev deg ein unik sjanse til å bli godt kjent med Johannes Vinjum, ein kunstnar som det tidlegare ikkje har vore så mykje tekstleg informasjon å finna om. Erlend seier sjølv at boka disposisjonsmessig sett kan delast inn i tre delar: ‘ I den første delen tek eg føre meg oppveksten, bygdemiljøet, utdanninga – ja stort sett heile livsløpet til Johannes. I den andre delen skriv eg om biletkunstnaren, og i den siste delen trekkjer eg fram kva journalistar, kunstkritikarar og andre har skrive og spurt han ut om .
Resultatet er ei fengande bok som fortel korleis Aurland var på 30- og 40 talet, og som gjev eit omfattande portrett av ein av kommunen sine aller største kunstnarar.
Boka kan kjøpast hjå Lokalhistorisk senter.

