
Som det vart skrive i siste utgåve av Aurlendingen arbeidar Lokalhistorisk med ny utstilling som vil stå ferdig i løpet av mai måned. Utstillinga skal heite “Aurland i 100″ og tek for seg Aurlandsvangen dei siste 100 åra pluss litt til.
Heile utstillingslokalet har vorte vaska ned, golvet er nybona, og i dag tok eg fatt på måling av sponplater.
-Slikt arbeid må òg gjerast! To strøk Jotun 0182 Perlegrå, så vart det flott!
Saman med Svein Olav Haukedal har eg funne fram dei bileta frå Aurlandsvangen som me har på Lokalhistorisk, og i kombinasjon med alt materialet hans er eg overtydd om at dette vert ein uhyre interessant utstilling!

Aurlandsvangen-bilete før opphenging

