Så er den første av videoane frå Lokalhistorisk treff om Lærdalstunnelen ferdig redigert. Og for ein godbit! Tidlegare ordførar i Aurland Osvald Turlid tek oss med heilt tilbake til 1969 då kraftutbygginga vart vedteken og vegen over fjellet vart påbyrja. Kronologisk går han gjennom vegane som kjem etterpå, i all hovudsak takk vera kraftutbygginga.
Heile det lokalhistorisk treffet vart filma, og eg kjem til å leggja ut resten av denne uhyre interessante seansen fortløpande. I tillegg blir lyden tilgjengeleg som podcastar. Følg med!
PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

