Lokalhistorisk senter i Aurland

Lokalhistorisk senter — Galleri Vinjum — Sivlesamling

Sognabåten i Kulturminneåret 2009 22/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 00:06
Tags: , ,

Gry Mørk frå Nærøyfjorden verdsarvpark har vore i møte på Lokalhistorisk i dag. Saman skal me laga ei digital forteljing om Sognabåten. Sognabåten er ein tradisjonsberar av dei verkeleg store i regionen vår, og det er viktig at det vert dokumentert informasjon om denne avgjerande farkosten.

Gry Mørk frå Nærøyfjorden verdsarvpark

Gry Mørk frå Nærøyfjorden verdsarvpark

Saman skal me kopla i hop lyd, bilete, video og tekst til ein informativ digital forteljing. Digitalt fortalt er det digitale satsingsområdet til Kyrkje- og kulturdepartementet i Kulturminneåret 2009. Målet med samarbeidet vårt er å gjera opplysingar om Sognabåten enda meir tilgjengelege enn før, og å kunne presenter informasjonen på ein litt annleis måte enn det har vore gjort tidlegare. Håpet er å enda opp med ein god presentasjonsvideo som også skular kan nytte i undervisinga si. Om du sit på informasjon eller materiale om Sognabåten, så ta kontakt!

 

Her er meir tunnelvideo! 18/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 21:43
Tags: ,

Det har drege ut med meir innhald frå det lokalhistoriske treffet om Lærdalstunnelen. Grunnen er masse ekstra arbeid med synkronisering av film (Panasonic NVGS-17 DV-kamera) og lyd frå ekstern opptakar (Zoom H-4). Nok om det, her kjem i alle fall to nye “episodar” frå innlegget til Hans Tønjum! -Undervegs i arbeidet med opptaket har det gått opp for meg kor verdifullt denne videodokumentasjonen er! Masse informative og artige historier!

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

 

Meir om verdas lengste 06/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 23:30
Tags: ,

Her kjem meir frå arrangementet om Lærdalstunnelen 01.04. på Lokalhistorisk senter i Aurland. Hans Tønjum var ordførar i Lærdal fram til 1999, og det er ei detaljrik reise han tek oss med på. Politiske drakampar med Kjell Opseth som ein evig joker! Dette er den første delen av innlegget som Hans Tønjum heldt, og dei resterande delane kjem ut så fort dei er ferdigredigert. I kombinasjon med opptaka av Osvald Turlid vil desse videoane gje deg ei heilt spesiell tilnærming til Lærdalstunnelen.

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

 

Få med deg treffet om Lærdalstunnelen på nett! 04/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 02:09
Tags: ,

Så er den første av videoane frå Lokalhistorisk treff om Lærdalstunnelen ferdig redigert. Og for ein godbit! Tidlegare ordførar i Aurland  Osvald Turlid tek oss med heilt tilbake til 1969 då kraftutbygginga vart vedteken og vegen over fjellet vart påbyrja. Kronologisk går han gjennom vegane som kjem etterpå, i all hovudsak takk vera kraftutbygginga.

Heile det lokalhistorisk treffet vart filma, og eg kjem til å leggja ut resten av denne uhyre interessante seansen fortløpande. I tillegg blir lyden tilgjengeleg som podcastar. Følg med!

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

 

Fulltreffar: Lokalhistorisk treff 01/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 23:49

lokhistreff1

Det var rekordstor oppslutnad på Lokalhistorisk treff i dag med over 30 stk. i salen. Spesielt imponerande var talet på Lærdøler som hadde teke turen gjennom tunnelen. Lærdalstunnelen var tema på dette treffet, og innlegga til dei tidlegare ordførarane Osvald Turlid og Hans Tønjum fell i smak.

osvald-og-hans

Dei to tok oss på kvar sin måte med tilbake til 60-talet då idéen om vegsamband mellom aust og vest byrja å bli drøfta. -Men kor og korleis skulle vegen gå!?

Følg med på her på heimesida til Lokalhistorisk, så vil du få høve til å oppleva det lokalhistoriske treffet om att via internett!

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.