Lokalhistorisk senter i Aurland

Lokalhistorisk senter — Galleri Vinjum — Sivlesamling

Ny bok om Johannes Vinjum! 18/08/2009

Arkivert under: Uncategorized — Petter von Krogh @ 11:54

BrorogBiletkunstnar-smallErlend Vinjum, bror til avdøde Johannes Vinjum, har kome med ei utruleg flott bok om bror sin. Boka heiter “Bror og Biletkunstnar”  og gjev eit meget godt innblikk i Johannes Vinjum sitt kunstneriske arbeid og forholdet mellom dei to brørne. Denne boka gjev deg ein unik sjanse til å bli godt kjent med Johannes Vinjum, ein kunstnar som det tidlegare ikkje har vore så mykje tekstleg informasjon å finna om. Erlend seier sjølv at boka disposisjonsmessig sett kan delast inn i tre delar: ‘ I den første delen tek eg føre meg oppveksten, bygdemiljøet, utdanninga – ja stort sett heile livsløpet til Johannes. I den andre delen skriv eg om biletkunstnaren, og i den siste delen trekkjer eg fram kva journalistar, kunstkritikarar og andre har skrive og spurt han ut om .

Resultatet er ei fengande bok som fortel korleis Aurland var på 30- og 40 talet, og som gjev eit omfattande portrett av ein av kommunen sine aller største kunstnarar.

Boka kan kjøpast hjå Lokalhistorisk senter.

 

Jula varer heilt til sommar’n! 24/06/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 14:46
Tags: ,
Frå framsida til BT sitt julenummer 1962

Frå framsida til BT sitt julenummer 1962

Idag har eg endeleg fått scanna litt forskjellige ting som har liggi å venta på meg.  ”Nye” (les: gamle) avisartiklar og bilete er no på plass i basen. Eit eksempel på det eg har scanna er ein flott artikkel frå Bergens Tidende sitt julenummer 1962.

Det var ildsjelen Kristin Sønnerheim som hadde teke vare på den 47 år gamle artikkelen, om “budeiene frå vestlandsfjell” som er på bytur i førjulsstrida. Den blei prenta i Bergens Tidende sitt julenummer 1962. Eg har scanna og sydd saman artikkelen om Maria Sønnerheim frå Vassbygdi og venninna hennar i ei .pdf-fil. Om du trykker på avisa under kjem du til dokumentet som gjer at du kan lese heile artikkelen.

Artikkelen Maria Sønnerheim og vennina på bytur i 1962

Artikkelen om Maria Sønnerheim og vennina på førjuls-bytur i 1962. Trykk på biletet for å kome til heile artikkelen.

 

Tracing Roots! Om slektsgransking her og på nett. 22/06/2009

Arkivert under: Uncategorized — Petter von Krogh @ 15:53
Frå kyrkjebok i Aurland 1844

Frå kyrkjebok i Aurland 1844

Idag har vore ein dag med mykje graving i slekt. Henvendinga kom frå ein amerikanar i forrige veke.  John Wangen hadde ein god del informasjon om sine forfedre,  nok i massevis til at eg lett fann fram i slektsboka Aurland II.  (Som dessverre er utseld, men hugs at ho finst på biblioteket!). Denne boka er eit fantastisk verkty når det kjem til slektsgransking. Det er fascinerande å dra tilbake i tida på denne måten.  Skysskarar, dødsfall på fjorden, spedbarnsdød, emigrasjon til Amerika, husmenn og skomakarar.

DigitalarkivetNår ein som John har ein del informasjon å ta utgangspunkt i,  er det mykje å hente også andre plassar. Ei viktig nettadresse er Digitalarkivet.no. Der kan du søkje i scanna kyrkjebøker, immigrant-lister osb.  Denne gongen fekk me litt

John Wangen

John Wangen

ut av det, for me fekk vita at tippoldefaren til John var skomakar, og at fleire av brørne til tippoldefaren hadde drege over dammen mange år tidlegare.

Det er utruleg kjekt å treffa etterkommarar etter utflyttarar. Dei har masse informasjon som me ikkje har hatt tilgang på, og tenk så mange det er av dei! Dr. Arne Brekke som driv Brekke tours og kjenner det norske miljøet i USA veldig godt meiner det er så mange som 50 etterkommarar pr. utflytte aurlending i statene. Og når me veit det høge talet på utflyttarar skjønar me at det fort blir snakk om nokre tusen!

 

Internettkaféen er opna! 08/06/2009

Arkivert under: Uncategorized — Petter von Krogh @ 15:35
Tags:

 

nettkafe

Medviten nettkafé

Som i fjor vil det vera internett-tilbod på Heradshuset. Fire maskiner er tilgjengelege for publikum. Etter den gode erfaringa frå i fjor vil det også i år vera Linux installert på maskinene. For brukarane vil det ikkje ha stort å seie, men for meg som er ansvarleg for vedlikehald betyr Linux mykje spart tid samanlikna med Windows. For dei som er nyfikne kan eg fortelja at to av maskinene køyrer på Mandriva 2008 mens to har den siste Ubuntu-versjonen 9.04 Jaunty Jackalope.

Prisen for å nytta internettmaskinene er kr. 10,-/30 min, og inntektene går uavkorta til Redd Barna i år. 

Redd_barna_logo.153px

 

 

 

I fjor samla nettkaféen inn over kr. 2.000,- til Amnesty International.  Velkomen!

 

Besøk frå Helsetunet 29/05/2009

Arkivert under: Uncategorized — Petter von Krogh @ 09:00

Det var ein triveleg gjeng som var innom på Lokalhistorisk senter i går :-)

Tre staute karar med fylgje

Tre staute karar med fylgje

 

Aurland i 100 på veg 04/05/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 15:47
Tags: , ,

Måleutstyr

Som det vart skrive i siste utgåve av Aurlendingen arbeidar Lokalhistorisk med ny utstilling som vil stå ferdig i løpet av mai måned.  Utstillinga skal heite “Aurland i 100″ og tek for seg Aurlandsvangen dei siste 100 åra pluss litt til.

Heile utstillingslokalet har vorte vaska ned, golvet er nybona, og i dag tok eg fatt på måling av sponplater.  

-Slikt arbeid må òg gjerast! To strøk Jotun 0182 Perlegrå, så vart det flott!

Saman med Svein Olav Haukedal har eg funne fram dei bileta frå Aurlandsvangen som me har på Lokalhistorisk, og i kombinasjon med alt materialet hans er eg overtydd om at dette vert ein uhyre interessant  utstilling!

 

 

 

Aurlandsvangen-bilete før opphenging

Aurlandsvangen-bilete før opphenging

 

Sognabåten i Kulturminneåret 2009 22/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 00:06
Tags: , ,

Gry Mørk frå Nærøyfjorden verdsarvpark har vore i møte på Lokalhistorisk i dag. Saman skal me laga ei digital forteljing om Sognabåten. Sognabåten er ein tradisjonsberar av dei verkeleg store i regionen vår, og det er viktig at det vert dokumentert informasjon om denne avgjerande farkosten.

Gry Mørk frå Nærøyfjorden verdsarvpark

Gry Mørk frå Nærøyfjorden verdsarvpark

Saman skal me kopla i hop lyd, bilete, video og tekst til ein informativ digital forteljing. Digitalt fortalt er det digitale satsingsområdet til Kyrkje- og kulturdepartementet i Kulturminneåret 2009. Målet med samarbeidet vårt er å gjera opplysingar om Sognabåten enda meir tilgjengelege enn før, og å kunne presenter informasjonen på ein litt annleis måte enn det har vore gjort tidlegare. Håpet er å enda opp med ein god presentasjonsvideo som også skular kan nytte i undervisinga si. Om du sit på informasjon eller materiale om Sognabåten, så ta kontakt!

 

Her er meir tunnelvideo! 18/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 21:43
Tags: ,

Det har drege ut med meir innhald frå det lokalhistoriske treffet om Lærdalstunnelen. Grunnen er masse ekstra arbeid med synkronisering av film (Panasonic NVGS-17 DV-kamera) og lyd frå ekstern opptakar (Zoom H-4). Nok om det, her kjem i alle fall to nye “episodar” frå innlegget til Hans Tønjum! -Undervegs i arbeidet med opptaket har det gått opp for meg kor verdifullt denne videodokumentasjonen er! Masse informative og artige historier!

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

 

Meir om verdas lengste 06/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 23:30
Tags: ,

Her kjem meir frå arrangementet om Lærdalstunnelen 01.04. på Lokalhistorisk senter i Aurland. Hans Tønjum var ordførar i Lærdal fram til 1999, og det er ei detaljrik reise han tek oss med på. Politiske drakampar med Kjell Opseth som ein evig joker! Dette er den første delen av innlegget som Hans Tønjum heldt, og dei resterande delane kjem ut så fort dei er ferdigredigert. I kombinasjon med opptaka av Osvald Turlid vil desse videoane gje deg ei heilt spesiell tilnærming til Lærdalstunnelen.

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

 

Få med deg treffet om Lærdalstunnelen på nett! 04/04/2009

Arkivert under: Lokalhistorisk stoff — Petter von Krogh @ 02:09
Tags: ,

Så er den første av videoane frå Lokalhistorisk treff om Lærdalstunnelen ferdig redigert. Og for ein godbit! Tidlegare ordførar i Aurland  Osvald Turlid tek oss med heilt tilbake til 1969 då kraftutbygginga vart vedteken og vegen over fjellet vart påbyrja. Kronologisk går han gjennom vegane som kjem etterpå, i all hovudsak takk vera kraftutbygginga.

Heile det lokalhistorisk treffet vart filma, og eg kjem til å leggja ut resten av denne uhyre interessante seansen fortløpande. I tillegg blir lyden tilgjengeleg som podcastar. Følg med!

PS: trykk på HQ knappen nede til høgre etter at videoen er starta for å få best mogleg kvalitet.

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.